tirsdag 6. mai 2008

Kortsvarsoppgåve "Blå amason"


Merk at det på ei kortsvarsoppgåve ikkje vert forventa ein fullstendig analyse av teksten. Samstundes vert det forventa fullstendige setningar, og ein tekst som heng saman.

Kva for forhold har hovudpersonen til bilen? Bilen vert omtalt som "ho", altså ein person. I gresk mytologi var forøvrig amasoner sterke og sjølvstendige krigarkvinner. Det verkar som han har eit intenst kjærleiksforhold til bilen. Den er meir enn eit transportmiddel.
Legg merke til formuleringar som "bagasjerommets mørke munn" eller"han strøk bilen over hoftene". Det finst ei mengd slike formuleringar! Han vert "eitt" med bilen når han køyrer. Han går ikkje inn i bilen, han tar bilen på "som en sko". eit anna døme på at bilen vert framstilt som ein del av ham er korleis det vert framstilt at jenta i framsetet tenner ham. "Og girstanga vokste under handa hans. Ble tykkere, lengre." Girstonga er framstilt som ei penis som vert erigert. Verkemidlet som her er nytta, er sjølvsagt besjeling, at daude gjenstandar får menneskelege eigenskapar. Saman med bilen er han trygg. Forholdet til bilen står i sterk kontrast til forholdet han har til jentene. Dei får han ut av balanse. Saman med bilen opplever han å gå i eitt med naturen. Gro Dahle skriv om "Alle tings gjennomskinnelighet".
Kva er temaet i teksten? Vil Gro Dahle seie noko om kva forhold menn har til ting? Peikar ho på korleis mange menn byttar ut forholdet til andre menneske med substituttar (erstatningar) som til dømes ei bil? Er det ein slags moral i at han "mistar" bilen? Gjer det at han må tenka gjennom kva som er viktig i livet? I siste scene er han aleine i natta med stjernehimmelen over seg. Vil det i overført tyding seie at han har fått eit nytt perspektiv på livet?

1 kommentar:

Kristoffer sa...

En meget god analyse!